Lukk

Den dokumentariske teikneserien

Kva skjer når ein blandar dokumentarsjangeren med kunst? I «Den dokumentariske teikneserien» viser Øyvind Vågnes korleis verkelegheita kan verte formidla gjennom teikningar.

Å teikne er å oppdage, hevdar John Berger, og ei teikning er slik ein autobiografisk dokumentasjon av ei oppdaging, av noko ein har sett, hugsa, eller tenkt seg i fantasien. Det å teikne har dermed ein gestisk dimensjon som skapar ein særleg nærleik mellom teiknar og teikning, skriv Øyvind Vågnes i Den dokumentariske teikneserien.

Sjølv om teikninga har vore gjenstand for estetisk refleksjon både av filosofar og kunsthistorikarar, har ho opp gjennom tidene kome i skuggen av både skulpturen og måleriet, og ofte vorte tenkt på mest som førebuande skissearbeid.

Eit døme er korleis Alison Bechdel i Husfred: en tragikomisk familiehistorie fortel ei familiehistorie gjennom teikneserieuttrykket.

Alison Bechdel - Husfred
Frå Alison Bechdels «Husfred».

Tidleg i det første kapittelet er det ei scene der far til Alison, Bruce Bechdel, ber kona og dei tre barna om å posere på trappa framføre huset dei bur i. For Alison framstår dette i ettertid som eit av mange eksempel på korleis faren ønskte å lage ei falsk framstilling av ein harmonisk, velfungerande kjernefamilie.

Husfred tener på mange vis som ein korreks til dette konstruerte bildet. Bechdel brukar teikneserieuttrykket til å vise ei alternativ, fordekt familiehistorie – ulik den vi finn i fotoalbumet eller på veggen i glas og ramme. At forfattaren vel ut dette augeblikket som eit av dei ho vil vise oss i Husfred, er dermed alt anna enn tilfeldig. Bechdel gjer krav på eigarskap til familiehistoria og retten til å  fortelje sin eigen versjon.

Teikneserieruta markerer effektivt narrativ autoritet, for det er forfattaren sjølv som plasserer oss lesarane inn akkurat der, bakanfor far sin, til same tid som ho i valet av ord styrer oss i retning av ei tolking av augeblikket. Den romslege tekstboksen i nedre hjørnet er som ein klistrelapp Bechdel legg over ruta, som gir henne siste ordet om både denne scena og livet familien levde.

Dei aller fleste har eit eller anna forhold til familiefotografiet. I alle sine manifestasjonar har det unekteleg ein særeigen plass i den visuelle kulturen: ulike variantar har sirkulert og sirkulerer i brev, i fotoalbum, på korktavler og kjøleskapsdører, og i den digitale tidsalderen på telefonar og andre skjermflater. Sams for alle desse uttrykka, og dei ulike tilhøyrande måtane å dele slike bilde på, er at familiefotografiet framstår som mykje meir enn ein dokumentasjon av livet og aktivitetane til ei lita gruppe menneske som lever tett på kvarandre.

Det er òg ein konvensjon – eit uttrykk for ei eiga form for idealisert sjølvframstilling, der vi viser oss fram slik vi ønskjer å bli sett av oss sjølve og andre. Slike fotografi vert dermed berarar av individuelle og kollektive førestellingar om identitet. Sett i ein større samanheng vert dei eit teikn på korleis menneske plasserer seg sjølve opp imot rådande ideologiar og normer. Ved å løfte fram dette augeblikket rokkar Bechdel ved farens tilpassing til desse, på same tid som ho sjølv markerer avstand til dei i sitt eige liv.

Husfred kom først ut i 2006 med originaltittelen Fun Home: A Family Tragicomic. «Fun home» er ei lakonisk forkorting for «funeral home», for Bruce Bechdel dreiv eit gravferdsbyrå i huset Alison vaks opp i. Husfred er Bechdel si forteljing om korleis ho i overgangen frå ung til vaksen finn ut at faren har fortrengt ein homoseksuell identitet, og heller med vekslande hell har prøvt å leve eit tradisjonelt forstadsliv som familiefar.

Den dokumentariske teikneserien - Universitetsforlaget
Dei siste åra har det dukka opp ei rekkje teikneseriebøker som handlar om fortid, minne og identitet. Kva skjer når ein blandar dokumentarsjangeren med kunst?

Til same tid kjenner Alison i nett dei åra ho tek til å sjå far sin i eit nytt lys, på sin eigne, gryande lesbiske identitet. Boka fortel om korleis ho deler dette med foreldra sine, og kort tid etterpå tek imot meldinga om at far hennar har døydd. Slik vert Husfred òg Bechdels forsøk på å dvele ved kva som kan ha hendt då faren vart påkøyrt, for ho nektar å gå med på at det var ei ulukke. Ho er overtydd om at Bruce Bechdel kasta seg framføre bilen og tok sitt eige liv.

Det er måten desse forteljingane og spørsmåla er vovne inn i kvarandre på, gjennom bruk av handskrivne ord og teikna bilde, som gir Husfred sitt særpreg. Legninga vert noko ubeskriveleg for både far og dotter, ei kjelde til erfaringar det ikkje finst rom for å snakke om, noko som er omgitt av ulike kulturelle og sosiale tabu.

Ler meir i Den dokumentariske teikneserien.

Øyvind Vågnes er akademikar, romanforfattar og tidsskriftsredaktør. Han har publisert ei rekkje arbeid om visuell kultur og visuelle medier, mellom dei «Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture» (University of Texas Press, 2011), samt ei rekkje artiklar på norsk og engelsk om nyare teikneseriar.

0 kommentar(er).

Takk! Din kommentar vil nå bli moderert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.
Obligatoriske felt er merket med *