Fleire bør bli merksame på kor stor ulikskapen i formue faktisk er i Noreg, meinar forfattarane av ei ny bok om ulikskap. Dei vonar ho vil kome godt med i årets valkamp.
– Aukande ulikskap er farleg for samfunnet

– Då vi starta på boka, konstaterte vi at meiningsmålingar i årevis har vist at mange ønskjer seg mindre ulikskap, men på valdagen er det likevel andre saker som avgjer kva folk stemmer på, seier Steinar Stjernø.
Stjernø er professor emeritus i sosialpolitikk, og har skrive boka Økonomisk og sosial ulikhet i Norge saman med kollegaen Knut Halvorsen, også emeritus.
– Grunnen til at vi ville ha boka ut no, er jo at det snart er stortingsval, seier Stjernø.
– For akkurat no ser det ut som om ulikskap er høgare på dagsorden, og fleire seier at det er noko dei vil leggje vekt på også når dei skal stemme.
Ulikskap i alt frå pengar til helse
Forfattarane bidreg med kunnskap om kor stor ulikskap vi eigentleg har i Noreg, og om kva som kan gjerast for å redusere ulikskapen.
Og det gjeld ikkje berre ulikskap i tydinga kven som har mest og minst pengar, sjølv om det er viktig. Dei tek også for seg korleis helse, utdanning, tilgang til rettsvesenet og moglegheit til å påverke politikk er ulikt fordelt.

– Vi valde ein brei inngang til temaet fordi vi har ulike fagbakgrunnar. Halvorsen er økonom og sosiolog, sjølv kjem eg frå statsvitskapen og er oppteken av politikk og ideologi. Difor tek vi også opp korleis ulikskap blir handsama i politiske ideologiar, og av ulike politiske parti, fortel han.
Ein stadig rikare elite
Dei to forfattarane legg ikkje skjul på at dei meiner aukande ulikskap, slik vi ser no, er farleg for samfunnet. Eit eige kapittel i boka handlar om kva ulikskap fører til.
Her viser dei korleis ein stadig rikare elite utkjempar sine statuskampar gjennom eit enormt høgt privat forbruk som ikkje berre kan gjere det vanskelegare for andre å få del i liknande gode.
Ulikskapen i formue er like stor i Noreg som i gamle klassesamfunn som Storbritannia og Frankrike.
Det fører også til store klimagassutslepp og miljøøydeleggingar. Dyre bustader, bilar, båtar, fly og kunstskattar, er alt saman døme på slikt såkalla «skryteforbruk».
I andre enden av skalaen har folk dårlegare fysisk og mental helse og er mindre nøgde med livet. Og både rikdom og fattigdom har det med å forplante seg ned gjennom generasjonane dersom ikkje utviklinga blir motarbeidd gjennom politikk.
Overraskande stor ulikskap i formue
Men kor mykje kan politikk eigentleg utrette? Høyrer vi ikkje stadig at det er verdsomspennande trendar som globalisering og teknologisk utvikling, som gjer at ulikskapen blir større?
– Vi diskuterer drivarane av aukande ulikskap i boka, og her er det vanskeleg å isolere politikk frå andre faktorar. Men det er ikkje mange som meiner at globalisering i seg sjølv har ført til større ulikskap i Noreg, seier Stjernø.
Fattigdom er blitt flytta vekk frå dei eldre og over til yngre og innvandrarar.
– Teknologisk endring medverkar på den måten at det løner seg å ta høgare utdanning. Liberalisering av arbeidsmarknaden spelar også inn, og det same gjer endringar i trygdepolitikken.
– Det siste har ført til at det knapt er fattigdom mellom pensjonistar i Noreg i dag. Fattigdom er blitt flytta vekk frå dei eldre og over til yngre og innvandrarar.
Men svært mykje av auken i ulikskap dei siste tiåra kan tilskrivast det faktum at inntekter på kapital har auka meir enn inntekter på arbeid. Dette er det viktigaste poenget i boka Kapitalen i det 21. århundre av den franske økonomen Thomas Piketty, som sette ulikskap ettertrykkeleg på den politiske dagsordenen då ho kom ut i 2014.
– I arbeidet med boka vår vart eg faktisk ganske overraska over å oppdage kor stor ulikskapen i formue er i Noreg, seier Stjernø.

sosialpolitikk ved OsloMet – storbyuniversitetet.
Når det gjeld inntekt, er nemleg ikkje ulikskapane i Noreg spesielt store i internasjonal samanheng.
– Men ulikskapen i formue er like stor i Noreg som i gamle klassesamfunn som Storbritannia og Frankrike. Og det er jo slik at høg formue skapar enno høgare formue, delvis fordi formuer går i arv, og delvis fordi høg formue gjer det mogleg å investere i verdipapir og skape enno høgare formue, seier han.
– Vi meiner generelt at spørsmålet om formue er altfor lite framme i politisk debatt.
– Politikk virkar
Det vonar forfattarane at boka vil bidra til å endre på. Slik har det nemleg ikkje alltid vore.
– I perioden etter andre verdskrigen var ønsket om sosial utjamning veldig sterkt, og Arbeidarpartiet vart ein tydeleg politisk representant for det ønsket, fortel Stjernø.
Men då høgrebølgja kom på slutten av 1970-åra, vart utjamning mindre viktig for ein del veljarar. I boka skildrar forfattarane korleis ulike regjeringar har handsama spørsmål om økonomisk og sosial utjamning, og korleis dette samsvarar – eller ikkje – med haldningar hos veljarane.
– Frå slutten av 1990-talet har fleirtalet av veljarane ønskt utjamning, men det har ikkje slått igjennom i politikken.
For, som før nemnt, har det gjerne vore andre ting som vist seg å vege tyngst på valgdagen. Noreg er dessutan eit land der oppfattinga om at folk skal bli beløna etter innsats og evner, er utbreidd.
Politikk hjelper.
Forsking viser at slike haldningar er sjølvforsterkande når folk med same utdanningsnivå og inntekt buset seg i same område og berre omgåast med kvarandre.
Kanskje kan det ha medverka til at ulikskapen berre aukar, trass i at dei fleste eigentleg meiner han burde bli mindre.
– Det er særleg to viktige bodskap vi ønskjer at boka skal få fram, seier Stjernø.
– Det eine er at fleire blir merksame på kor stor ulikskapen i formue faktisk er i Noreg. Og det andre er at politikk hjelper. Dersom ein verkeleg vil redusere ulikskapen, så er det politisk mogleg å gjere det.
Steinar Stjernø og Knut Halvorsen er begge professor emeritus i sosialt arbeid og sosialpolitikk ved OsloMet. Begge har skrive mykje om velferdspolitikk, sosiale problem og konsekvensane av ulikskap. Les meir om boka her.